Lykke kan kjøpast for pengar

  • Skrevet 08.jan.2012 - klokken 01:40 i kategorien Blogg

Hei, ekle stalkere. Helt greit lenge siden sist, så jeg tenkte å slenge inn en klassisk tentamenstil jeg skrev før jul. Den er på nynorsk ettersom det var sidemåltentamen, og jeg vet at 99% av dere tre som leser bloggen min ikke kan nynorsk, så ingen kommer vel egentlig til å lese dette. Takk for omtanken. Hvis noen skulle lure fikk jeg 5-, fordi jeg hadde så jævlig med skrivefeil, dødsbra. Neida, toer- og treermennesker, jeg syns ikke 5- er dårlig. Jeg er fornøyd med karakteren jeg. 

Jeg gidder forresten ikke å legge til bilder. Det er tidkrevende, og jeg har bare bilder av trær. Og lyktestolper.


 

«Lykke kan ikkje kjøpast for pengar» heiter det. Er det alltid sanninga? Viss ikkje pengar gjer ein lykkeleg, kva gjer deg lykkeleg då? Har du nokon gang tenkt over kva som faktisk gjer deg lykkeleg?


Eg meiner at alle er annleis frå kvarandre, og ein må svare kvar for seg på det spørsmålet. Nokon blir lykkeleg når dei har familie og vener omkring seg, og andre blir lykkeleg viss dei får vera i fred. Nokon blir lykkeleg av at sola skin gjennom ruta i morgongryet og andre blir lykkeleg når dei vaknar om morgonen til regnet bankar hardt mot vindauget. Er det mogleg at nokon blir lykkeleg av pengar?


Eg har tenkt en del på ting rundt dette og har komet fram til at eg trur det er fullt mogleg å kjenne ein følelse av lykke når ein har mykje pengar. Eg har for eksempel kjend det sjølv, og eg er sikker på at det fins mange menneskar i verda som settar pris på pengar framfor det meste i livet. Lykkefølelsen eg har kjend av pengar kan, på ein anna side, ikkje måle seg med følelsen av å ha vener og familie omkring meg. Alle menneskar er forskjellige, og eg trur det fins mange menneskar som heilt ærlig meiner at pengar er deira største lykke i livet.


Kva med dei menneskane vi ser i media, dei som søv ute, ikkje har mat, og drikker vann frå ein sølete elv? Dei som organisasjonane samlar inn pengar til, for at dei skal få det bra og bli lykkeleg? Kvar dag blir vi minna på korleis Norge er eit lykkeleg land, eit av de beste å bo i, fordi vi har pengar og samtidig prøvar dei å fortel oss korleis lykke ikkje kan kjøpast for pengar?

«Lykke kan ikkje kjøpast for pengar»
For å argumentere i mot denne påstanden har vi ein anna kjend påstand. Du har kanskje høyrd at «ingenting i livet er gratis». Tenk litt over det. Viss man ikkje kan bli lykkeleg av pengar, og ingenting er gratis, er det då umogleg å vere lykkeleg?


Eg trur man må lese litt mellom linjene på den siste påstanden. Ingenting i livet er gratis. Er det nødvendigvis snakk om pengar som betalingsmiddel? Sjølv ikkje pengar er gratis, sånn sett. For å få pengar må vi arbeide for det, ta ansvar, og tene opp eit beløp.

Kor lenge varer lykke?
Vi må lære korleis vi kan bruke pengane våre riktig. Det høyres kanskje freistande ut med en ny mobil, ettersom det er komet et hakk i den gamle, og det er komet ein ny Smartphone som du såg på reklame i førgårs. Du har pengane til det, kvifor gjer du det ikkje bare? Plutseleg står du der med den nye telefonen din i handa, går gjennom alle «appsene» som følgde med, og smilar for deg sjølv. Kor mykje trengde du denne telefonen eigentleg? Kor lang tid tar det før du kjøpar ein ny?


Dersom ein har mykje pengar, skal det ikkje mykje til før ein strør om seg med unødvendig bruk. Ein kjøpar noko, kjende seg lykkeleg, lykkefølelsen minskar, og man fornyar det. Slik er det ikkje bare med pengar, men også med andre ting. Har du nokon gang vært så mye rundt ein venn, kjærast eller familiemedlem at deke til slutt gjekk fullstendig lei av kvarandre? Du kjende deg ikkje lenger bare lykkeleg av å sjå denne personen, du ville bare væra rundt andre.


Lykke er ikkje ein sjølvsagt ting i livet. Alle liv har opp- og nedturar. For nokon er oppturane i livet å ha mykje pengar, og nedturane går når økonomien svingar nedover. For nokon er oppturane å kjende seg glad i nokon, å få gode karakterar eller å ha lært seg eit triks på trampolinen. Lykke er ikkje langvarig, og det skal ikkje ta lang tid før ein må fornye den. Det seies at det er dei små tinga i livet som teller. 

Hade, stygginger, jeg elsker dere

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Her kan du skrive hvor du bor, navnet ditt og en kort beskrivelse av bloggen din.
+ Legg meg til som venn


© Dette er ett gratis design laget av Supertjej.blogg.no bloglovin
hits